Viser søkeresultater 1 til 10 av 36
Tråd: Brainfog bedre med Erfa?
Threaded View
-
15-05-10, 14:12 #27
Sv: Brainfog bedre med Erfa?
Vel, eg har vore i kontakt med Aker. Hatt time der og snakka med legen etterpå. Eg skulle ha oppfølgingstime der, men fordi eg har begynt med Erfa i staden for å gå ned på Levaxin-dose, vart det bestemt at det ikkje var nokon vits med oppfølgingstime.
Eg skulle gå ned ca 65 mcg for å få finare prøver (legen lot det allereie i timen skinne igjennom at ein ikkje venta seg den heilt store betringa av forma mi). I samtalen seinare fortalte legen at Levaxin-reduksjonen uansett ikkje var noko godt opplegg. Dettte var jo akkurat det eg hadde funne ut når eg la hjernen i bløt etter timen: At eg ikkje gadd meir litt ned, eller litt opp på Levaxin. Eg følte meg som ein slapp grønnsak like fullt.
I følgje legen var det riktig å ha tsh tilnærma 1. Eg forklarte på nytt at eg har hatt legar som har meint dette, og at eg har forsøkt det, men erfaringa mi er at eg da er i dårleg form, og dei to siste åra, i enda dårlegare form. Etter litt fram og attende var legen einig i at det å ignorere pasienten sine utsegn om dårleg fungering ikkje er god legepraksis, men legen stod likevel på dette at det var heilt riktig å tenkje tsh=1. Eg opplevde det som at denne legen har same holdning til tsh/ft4/ft3 som dei legane eg hadde tidleg i min "stoffskiftekarriere". At tsh skulle vera helst 1 og at det ikkje hadde noko å seie om ft4 da var nede i 12-14.
Så er glad eg tok skeia i eiga hand, og kom meg til ein lege som skriv ut Erfa. Men det er så vanvittig feil at ein må gå til private for dette, ikkje alle kan det (må ha tilgang på info og nok pengar).
Reaksjonen på Erfa-beskjeden min (som eg pakka godt inn og unnskyldande introduserte som grise-greier), var fyrst eit "å-nei! har du det!". Men etterpå kom ting som at det var jo det dei brukte før når ein ikkje visste så mykje..., standardiseringa var dårleg, eg kunne bli overdosert. Eg nemte for legen at Erfa også har t4 (som Levaxin), men også direkte t3. Verka som legen ikkje skjønte at Erfa inneheld båe delar (ja, og andre stoffskiftekomponentar i tillegg, men dette gadd eg ikkje nemne). Eg sa her at eg har lese paknings-vedlegget, at det finst på nettet. Etter dette gjentok legen og liksom landa på at det viktige uansett var at eg var i betre form. Legen fekk også sagt gjentekne gonger at kanskje var det noko heilt anna som feiler meg, at det ikkje er stoffskiftet i det heile teke. Når eg spurte kva dette "annet" kunne vera, fekk eg ikkje noko skikkeleg svar. Flink pike som eg er informerte eg henne om at eg (som jo er undersøkt) elles er frisk, samt at eg ikkje har noko psyksik helse problematikk og dessutan har negativ familiehistorie på dette. Men til dette kom berre på nytt at det kan vera "noe helt annet". Kan jo få helseangst av mindre, er det slik at eg går med ein langsamt progredierande sjukdom som skal tek livet av meg??;)
Så Aker..., spesialisthelseteneste, kompetansesentrum for sjukdomar i tyroidea, (og jaggu min eigen arbeidsplass). Eg veit ikkje heilt eg... Eg hadde hatt det betre utan turen innom Aker. Nå får eg krysse fingrane for at Erfa er tingen for meg. Levaxin fungerte greitt nok i 2-3 år. Men etter svangerskap og fødsel, funkar det ikkje som før. Begynte derfor med Erfa ultimo april, foreløpig i kombinasjon med Levaxin. Litt skuffa over Aker-legen si avskriving av Erfa.
Men sitt att med ei kjensle av å vera litt aleine. Ja, veit eg har forumet og legen som skriv ut Erfa. Men hadde følt meg tryggare om Aker, o' store spesialisthelseteneste kunne uttala seg om medisineringa. Og eg blir nok litt uttrygg når legar vurderer dei same prøvene på ulik måte. Litt overraska over at eg reagerer slik. Kanskje føler eg det slik fordi eg er utrygg på doseringa på Erfa og når eg skal auke dosen. Får skrive ein tråd på det. Lenge til legetime.
Takk for utblåsinga. Var eigentleg meint som ein kommentar til Aker, men her kom litt av mi erfaring også inn.
Lignende tråder
-
Bestilling av Erfa Thyroid direkte fra Erfa i Canada
Av Siven i forumet Mangel på Thyroid-medisinerSvar: 16Siste melding: 04-06-13, 18:11 -
Bedre form, men varierende på tsh...
Av gretal i forumet TSHSvar: 9Siste melding: 29-06-08, 15:30 -
en bedre VG-artikkel (mozon)
Av nora i forumet Helbred og kostholdSvar: 0Siste melding: 20-03-07, 08:47 -
Bedre sent enn aldri
Av Lisbeth i forumet PresentasjonerSvar: 4Siste melding: 25-02-07, 18:56 -
Bedre Helse
Av Marianne i forumet Diverse relatert til helse og sykdomSvar: 2Siste melding: 19-09-06, 18:14



Svar med sitat
Bokmerker