Fint innlegg, Jeanette78

For meg har forumet fungert som eit vikarierande håp. Når eg mista mitt eige håp, eller var i ferd med å miste det, skreiv eg på forumet. Her fann eg påfyll og støtte som hjelpte meg å reise meg igjen.
Andre gonger har eg vore så sliten av det heile (det å ha denne sjukdommen og skulle fungere i jobb og som småbarnsmamma) at eg ikkje orka skrive, berre lese.
Eg blir reint rørt over at så mange her bruker tid og energi på å dele erfaringar, informere og forklare. Mi personlege erfaring og mitt generelle inntrykk av forumet kan oppsummerast i orda velmeinande, støttande og fagleg balansert.