Viser søkeresultater 1 til 9 av 9

Threaded View

  1. #6
    Medlem siden
    Mar 2007
    Sted
    Østlandet
    Meldinger
    179

    Standard Sv: Wilsons kostsirkel (binyrene)

    Ja, er einig i at det er vanskeleg dette med kosthald. Og det kjem frå ei som i heile sitt vaksne liv har vore "flink pike" på dette området. Dei siste åra har eg pga hobbyen min vore oppteken av å eta blodsukkerstabilt (for å ha nok energi til å ha eit liv utanom jobb), få nok med høgverdige proteinar (for å restitusjon og muskeltilvekst), masse sundt feitt (for å smøre ledda og unngå skader.

    Pga. mageproblem har eg kutta ut alt av mjølk (kasein er fienden) og alt med gluten, fordi magen klikkar. Med dei gamle kostvanane i botnen et eg derfor supersunt.

    Så eg finn det vanskeleg å kutte ut det eg har hivd innpå med i dei siste åra, mat eg er svært glad i; mandlar og tunfisk.

    Når eg ein dag får meir energi skal eg bake Vigdis' havrekjeks.

    I skrivande stund et eg sein middag med torsk (sikkert ikkje bra??) i kokosmjølk, halvkokte grønnsaker blant anna brokkoli (fy) og 1/3 kjøkkenglas raudvin (dobbeltfy, nå blir vel binyrene stressa, tenkjer eg).

    I jula har det også vorte litt mørk sjokolade. Den utan mjølk har vore ja-mat, men er nå nei mat sidan koffeinet stressar binyrene.

    Ikkje lett. Konkluderer med at eg gjer det så bra eg kan. Den store trøsta er at alt er så vanvittig mykje betre enn før!!!

    Eit tips her på tampen: kokosfeitt!!! Det er blodsukkerstabiliserande mat i aller høgst grad. Og skal i følgje visse kjelder kunne auke stoffskiftet. Eg kjøper 1,5kilos bøtter frå iherb. Diggar alt eg "sparer" samanlikan med å kjøpe her! Ved å auke feittinntaket får ein automatisk litt mindre behov for anna mat, og da blir det litt færre gonger at ein må klø seg i hovudet over kva i huleste ein kan eta nå.
    Sist endret av Mod; 31-10-13 kl 16:19 Begrunnelse: skrivefeil

Lignende tråder

  1. Hypothyreose eller binyrene?
    Av Anisa i forumet Adrenal Fatique - tilstanden sekundær til lavt stoffskifte
    Svar: 3
    Siste melding: 14-11-09, 14:13
  2. Hypothyreose, binyrene, cortisol
    Av Mod i forumet Cortisol / ACTH
    Svar: 0
    Siste melding: 30-10-09, 22:51
  3. Hypothyreose, binyrene, salt
    Av Anisa i forumet Adrenal Fatique - Salt
    Svar: 1
    Siste melding: 16-10-09, 22:30
  4. Kan binyrene være årsaken?
    Av Carro i forumet Adrenal Fatique - tilstanden sekundær til lavt stoffskifte
    Svar: 5
    Siste melding: 16-06-09, 11:17
  5. Armour, magen, binyrene....?
    Av Stina i forumet Lavt stoffskifte
    Svar: 12
    Siste melding: 29-04-09, 14:10

Bokmerker

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •  

Logg inn

Logg inn