Blir berre meir og meir sjokkert!!

Eg er stygt redd for at så alt for mange legar rundt om ikkje veit nok om dette.

Veit jo at det i mitt eige fag (dette inkluderer ofte medisin) finst retningslinjer for behandling av ulike diagnosar og problemstillingar. Kvifor eksisterer det ikkje eit handfast dokument for utgreiing og behandling av hypothyreose???

Finst fleire slike greier hos SHDIR (sosial og helsedirektoratet). Eg får jo stadig både tilsendt og lagt i hylla på jobben veildarar og retningslinjer for det eine og andre.

Sjølv lærte eg lite om stoffskiftesjukdom på universitetet. Men hugsar at vi vart drilla i at endokrin depresjon var ei differensial diagnose. At vi skulle forsikre oss at fastlege hadde sjekka at ein pasient med depressive symtom ikkje hadde stoffskiftesjukdom... Parallellt med dette hadde eg fått påvist autoimmun tyroiditt. Men ingen lege fortalte meg kva det innebar!! Las sjølv på nettet at eg kunne utvikle lågt stoffskifte på sikt. Hugsar at det einaste eg var oppteken av var at eg ikkje måtte bli tjukk.