He he!! Godt mogleg det ja Min lege har eit førenamn på nokså få bokstavar. Namnet er noko utanlandskprega. Legesenteret har/held hus med eigen lab. Så nå går eg ikkje på Fürst meir.

Interessant det du skriv om at 90% kjenner seg friske fyrst med ein ft4 på 21-25. Legen min seier at over 24 er min target. Han har ikkje grunngjeve dette svaret. Har dog fått tilbakemelding om at eg nå aukar dosen såpass fort at eg kan få hjartebank.
Eg har ved legebesøk gjeve uttrykk for stor frustrasjon over at eg ikkje er bra. Er drittlei av å ha så lite energi, er som om kroppen min har eit gåent batteri. Blir ein vond sirkel der eg blir deprimert av å ikkje orke ordne opp i heimen (yes, gjeld enkele ting som å vaske opp osv). Føler eg brukar det vesle eg har av energi på jobben. Men har jo mest lyst til å jobbe fullt, da. Skal tenkjer på det nokre dagar til.

Ein kjip sjukdom det skal vera visst. Men er jo så klart bra å endeleg ha ein lege med peil og interesse.