Viser søkeresultater 1 til 10 av 37
Threaded View
-
23-09-09, 20:20 #2
Sv: mona3
Heisan!
Så flott at du har fått ein lege med meir peiling. Eg har også ei historie på 5 år der eg har vore hos 2 ulike fastlegar, ein vikar, to såkalla endokrinologar på Riksen.
Ikkje før nå hos min nye fastlege (som også er ein av byens mest poppise legar), har ein lege kommentert noko anna enn tsh-verdien....
Til slutt trudde eg på dei... at eg var lat måtte jo vera grunnen, tsh var jo så låg. Ja, lågare enn det legen ville (tok heldigvis litt ekstra levaxin på eiga hand).
Min lege seier akkurat det same som din
Han er oppteken av ft4. Er heilt tragisk å tenkje på den bunken med blodprøve-utskrifter frå Fürst eg har liggande her. Legane før min nåverande målte alltid ft4, ofte ft3 også. Men var kun tsh dei snakka om.... Hugsar at eg spurte fastlegen som gav meg diagnosen kvifor ho da rekvirerte ft4 og ft3, ho sa at desse var ikkje så viktige, men var greie å følge med på. Var alltid tsh som var viktig. Skulle helst vera nærare 1. Var ein evig kamp pga eg ville ha den lågare, var jo da eg følte meg noko betre.
Nå jobbar eg meg oppover mot ein verdi på 20-talet. Er på 21 nå. Var på 18 i juli. Har tidlegare hatt 13 og 14.
Har tenkt mykje på det legen har sagt om at det ikkje er ei suksessiv betring ettersom ft4 nærmar seg målet. Men så er det vel riktig, og eg må berre vera tolmodig!
Eg vurderer å ta i mot sjukemeldig (nokre prosent). Har du eller andre her erfaring med det??? Vil det hjelpe montru, å gira heilt ned ein dag eller to i veka?? Blir heilt pumpa av jobben. Ligg stort sett i sofa resten av dagen.
Og har andre erfaring med kor lang tid det normalt tek å bevege seg mot riktig ft4-verdi??
Eg aukar dosen kvar 4 veke. Har akkuart auka med 75 mcg per veke.
Lignende tråder
-
Jeg har de fleste symptomer på lavt stoffskifte
Av Imse i forumet Lavt stoffskifteSvar: 12Siste melding: 31-08-09, 11:58 -
Psykiske symptomer og lavt stoffskifte
Av Maxern i forumet Hjerneskade av lavt stoffskifte: kognitive, psykiske og nevrologiske plagerSvar: 9Siste melding: 25-10-08, 10:27 -
Hvilke symptomer er felles for både lavt og høyt stoffskifte??
Av Linn i forumet Lavt stoffskifteSvar: 6Siste melding: 18-04-08, 19:52 -
Hvordan skille høyt stoffskife fra lavt på symptomer
Av sverre73 i forumet Lavt stoffskifteSvar: 5Siste melding: 12-12-06, 12:13


Svar med sitat
Bokmerker