Viser søkeresultater 1 til 10 av 57
Threaded View
-
11-02-10, 09:55 #12
Ventar, "lever" ikkje
Hei
Har ikkje posta her på ei stund. Vore i litt dårleg form i det siste. Ventar nå på time på Aker tyroidea polliklinikken. Spent på kva som kan koma ut av det...??
Fungerte tidlegare greitt nok med Levaxin 137,5 mcg dagleg. Hadde nokre år litt vanskeleg for å finne riktig dose, kanskje fordi kjertelen var "ustadig". Men i tida før var eg i svært fin form. Sjølv om eg vel aldri var like bra som før eg vart sjuk. Har Hasimotos som vart oppdaga 2000/2001, medisinert med Levaxin frå januar 2006.
Bytta lege, som i motsetnad til dei tidlegare på Riksen til og med, bad meg dosere opp. Eg var slapp, fungerte ikkje på jobb eller heime. Strevde heile tida med lite energi, ønskte å ligge rett ut heile tida, ville helst ikkje ha noko mas eller menneske rundt meg. Triste greier. Nye legen doserte meg heftig opp.
Bytta lege igjen, til ein som ikkje berre seier at eg burde vera bra og doserer litt opp og litt ned. Viste seg at eg ved juletider hadde utvikla hyper-symptom. Skjønte det ikkje sjølv da eg jo var minst like forbanna trøytt og sløv som før. Nokre ting betra seg slik som stive kjevar, men andre ting kom til. Innsovning vart enda verre blant anna, i tillegg rastlaus... Burde teke hintet. Målte i denne perioden normalt blodtrykk, mot mitt vanlege superlåge kring 90-110 over 65-75.
Men saka er at eg ikkje har vore bra på lenge. Spesielt ikkje siste 2 åra. Merkar nå at eg er mentalt sløvare også, meiner dette er ein realitet også når eg trekkjer frå det som har med endra livssituasjon - at eg nå er mor - å gjera.
Jobbar ca annan kvar dag. Litt sjukmeldt, litt redusert stilling. Greitt nå, men har jo ambisjonar i jobben, så situasjonen bør snart bli ein annan. Må ha det slik at eg hentar meg inn etter ein dag på jobb, på fridagar gjer eg det eg burde gjort dagen før (rydde vekk etter middagen dagen før... og vaske klede, forefallande ting).
Og mistar så mykje hår. Søren altså. Før hadde eg fint tjukt hår, nå er det kun tjafs igjen, berre pistrete greier igjen.
Har lurt på Tyroid det siste halve året. Men orkar eg å vera avhengig av ein medisin som det kan bli stress med?? Tomt på apoteket, må betale ein del sjølv, streve med å få ein lege til å skrive ut osv. Legen eg har nå seier korkje ja eller nei. Men vil at Aker skal undersøkje meg før han endrar dose etc. Så må stole på han nå.
Eg har supprimert tsh, ft3 og ft4 høgt (nesten opp til øverst i ref.området). D-vitamin er 69, ferritin 39, b-12 er 442.
Tidlegare høge Anti-tpo veridar (>1300), nå svært mykje lågare, hugsar ikkje talet.
Et gluten- og mjølkefritt, mykje sunt feitt.
Så til mine sprøsmål:
Nokon med litt same symptomar og erfaring frå Aker her? Nokon som har ein idè og kva eg kan vente meg på Aker?
Kan/burde eg ta opp min nysgjerrigheit på Tyroid med Aker?
Synest eg burde få prøve, er jo min kropp og mitt liv. Er møkka lei av dosering opp og ned 25 mcg her og der med Levaxin. Så spent på kva Aker kan finne ut for meg, ja. Eller er eg av dei 20% som ikkje blir bra på Levaxin? Vil ikkje innfinne meg med det, da vil eg fyrst prøve alt som prøvast kan.
Eg meiner i dag at (trass dei praktiske ulempene) Tyroid er noko eg må prøve. Ingen ting må vera uprøvd!
Tenkt om min mentale klarheit, normale energi og tjukke hårmanke kunne koma attende! Sukk.
Måtte tømme hovudet litt. Takk og ha ein fin dag
Lignende tråder
-
Jeg fikk konstatert lavt stoffskifte i 2005
Av knokkel i forumet Lavt stoffskifteSvar: 72Siste melding: 11-05-13, 22:25 -
Symptomer på lavt stoffskifte i minst ti år
Av Vår i forumet Lavt stoffskifteSvar: 36Siste melding: 13-12-10, 17:40 -
Ville du gått med en t-shorte det sto jeg hadde lavt stoffskifte på?
Av Larah i forumet Forum: Kos, kaos og humorSvar: 1Siste melding: 25-06-10, 22:06 -
slik lågt stoffskifte hos dei med hashimotos skal behandlast
Av Delisa i forumet Hashimoto's thyroiditt (anti-TPO)Svar: 23Siste melding: 08-11-09, 14:48 -
Hva betyr det å ha blokkerende antistoff? (hypothyreose)
Av maximus i forumet Stoffskiftesykdommer og graviditetSvar: 9Siste melding: 12-03-07, 20:24


Svar med sitat

Bokmerker