Eg la inn blodprøveresultata for det siste halvåret her i juli. Fekk da fleire nyttige innspel. Eg prøvde, slik nokon her inne råda meg til, å auke litt for å sjå korleis det ville slå ut. Kjøpte også tablettdelar og forsøkte å ta den same dosen kvar dag.
Sitat Opprinnelig skrevet av Delisa Vis post
Eg har ein god lege som både viser stor forståing og evne til å høyre på korleis eg har det (symptom versus Tsh-verdien som legen i starten såg seg litt blind på..). Eg får nå prøvesvara frå Furst i posten og målet er at eg skal lære meg å dosere like godt som ein "flink" diabetespasient. Vel, det er nå eg ønskjer innspel. Eg har tidlegare hatt problem med at sjølv mindre endringar har gjort meg lettare overdosert overdosert, med påfølgjande kræsj og lengre tid med lågt stoffskifte og dårleg fungering... Dette har ikkje skjedd sidan juletider 2006. Men det heile verkar meir stabilt nå, legen meiner kjertelen omtrent har brent ut alt kruttet sitt (hadde antistoff i minst 5 år før eg fekk lågt stoffskifte hausten 2005). Vel her er mine siste prøvesvar....

Frå jaunuar til mai:
TSH 1,6 / 1,9 / 1,8 og 2,1.
FT4 var 13,2 /13,9 / 14,0 og 13,4

27.04
TSH 1,8 0,20-4,0
FT4 12,7 9,0-22,0
FT3 3,4 2,3-5,7

25.05
TSH 1,5 0,20-4,0
FT4 13,2 9,0-22,0
FT3 3,4 2,3-5,7

Frå og med kring 25.05 brukte eg 100 dei fleste dagane i veka

07.06
TSH 0,8 0,20-4,0
FT4 16,0 9,0-22,0
FT3 3,8 2,3-5,7

Framleis 100 kvar dag....

25.06
TSH 1,2 0,20-4,0
FT4 14,4 9,0-22,0
FT3 3,7 2,3-5,7

Eg kjente meg i best form i den perioden da TSH en var 0,8. Er nå litt uroleg fordi verdiane ser ut til å bli verre sjølv om eg i lang tid har teke 100 dagleg. Kva skjer? Er det skjoldbrukskjertelen som kræsjer meir og meir??

Eg har nå sidan 25.06 auka med 50 pr veke, det vil seie to dagar med 25 og 5 dagar med 100. Er dette ei Ok doseauke??

Eg vil så gjerne ha ein sommar i topp form

P.S. Kanskje synest nokre av dykk at eg klagar og uroar meg utan grunn. Prøvesvara mine er jo fine, dei Men saka er den at eg er så vÃ*r, dersom TSH nærmar seg 2,0 er eg for lengst i dårleg form...
Og slik står det til nå:
Etter nokre veker (4 veker ?) med 112,5 pr dag fekk eg desse svara:

06. august
TSH 0,08* 0,20-4,0
FT4 17,6 9,0-22,0
FT3 4,2 2,3-5,7

Etter avtale med legen skulle eg da ha redusert dosen, men eg gjorde ikkje det.... Grunnen var at eg da følte meg i veldig fin form, hadde ingen overdoseringssymtom (som eg merka, da). Så eg heldt fram med same dosen, tenkte eg burde ta ei ny prøve om litt samt følgje med på korleis eg eigentleg kjente meg... Men var jo litt nervøs pga. legen har sagt at tsh utanfor referansenivået (nedover) er farleg for hjartet etc...

Så tok eg nye prøver 14.august (1 veke + 1 dag etter førre prøven):
TSH 0,08* 0,20-4,0 (framleis..)
FT4 14,6 9,0-22,0
FT3 4,3 2,3-5,7

Einaste skilnaden var da FT4. I dag (29. august) kjenner eg meg stadig i fin form, men har i blant tenkt at eg blir lett stressa, varm enkelte dagar, ingen diare, søvn ok, menstruasjon uendra/og ok.

Så til mine spørsmål:

Er det ok med ein så låg TSH?? Kva om eg faktisk er lettare overdosert, korleis kan eg i så fall undersøkje det? (puls, blodtrykk??)
Bør eg i så fall gå til legen og be henne sjekke meg?? ;)

Eg prøver å bli gravid og er naturlegvis redd min låge TSH verdi representerer eit problem. Kva trur de??

Stemmer det at stoffskiftet fyrst er høgt ved både ein for låg tsh, samt anten ft4 og/eller ft3 utanfor (over) referansenivået.

Dette vart mykje igjen, men dersom nokon av dykk orka å lesa gjennom alt saman, er eg svært takknemleg.

Ha ein fin kveld alle saman