Forstår godt at du reagerer med allergi. vêr forsiktig, hugs at gjentekne eksponeringar til allergenet kan utløyse stadig kraftigare reaksjonar.

Mitt møte med Aker gjorde meg sint. Når eg fortalte at eg hadde starta på Erfa, visste legne ikkje kva dette var for medisin. Det fyrste legen sa var "åh, nei, har du det...!! Du har ødelagt alt". Men så modererte legen seg og sa at det var fint at eg var i betre form, det er jo det viktigaste.
Men ser jo ut til at slike tilbakemeldingar ikkje er til hjelp, dei har jo, som du seier, bestemt seg for at t4/Levaxin er det einaste som hjelper "basert på kliniske studier" my ass.

Eg skal lære meg nok om sjukdom og behandling til at eg er sikra den hjelpa som er riktig for meg nå og i framtida. Er så glad for at eg har moglegheit for å få Erfa. Det har kosta meir enn Levaxin hos fastlege, men det er sååå verdt det. Hurra for dette forumet!