Hallo..!!!

Endeleg eit forum for meg...!!!!
Eg vart operert i jan-99, fekk etter operasjonen vete at det var kreft i kulen dei tok ut. Vart bestemt at eg skulle operere den den andre delen samtidig, men så vart det oppedaga at stemmebandet mitt var ødelagt.

Stemmebandet er ikkje bedre enno, 6år etter, så eg får ikkje operert den andre sida, med det resultat at eg er redd det skal dukke opp i den sida og. Eg haar gått til jevnlege ultralydkontroller og tek blodprøver kvart halvår som viser om det er for mykje aktivitet i kjertelen, alt dette har vore heilt normalt i seks år.

Eg bruker Levaxin for å halde nivået i kjertelen høgt, bruker 100 mikrogram pr dag, då ligg prøvane ganske høgt.

Kan skrive i det uendelege om dette her, men skal begrense meg no...

Iallfall kjekt å kunne dele erfaringar.

Helsing Tinka