Viser søkeresultater 1 til 10 av 954
Threaded View
-
10-12-09, 19:03 #11
Sv: Å leve med binyrebarksvikt eller binyretretthet
"Moro", eg opplever det også slik. Har jo også lese i Wilsons bok om binyretretthet at søvnen mellom 07-09 er spesielt styrkande for dei med binyreproblem.
Men det er ikkje lett å få sove til 09 ofte nok. Eit par, kanskje til og med 3 gonger, i veka får eg sove til ca 08.30. Barnet vårt er såkalla flink til å sova
Svært ofte må eg kjempe i mot å starte opprydding her, vaske opp, rydde ut av barnehagesekk, betale rekningar, henge opp klesvask og andre supertrivielle oppgåver...
Veit jo at det ikkje er lurt å gire seg opp når min "second wind" kjem slik i 23-tida. Har nå kjøpt melatonin, håpar å få effekt av dette. Planlegg å legge meg i 21-22-tida eit par-tre gonger per veke og kanskje få sove ut litt.
Pebles: Fortel gjerne kva du tek når det gjeld vitamin- og mineraltilskot. Eg synest dette cortef-greiene verkar litt skummelt, vil gjerne fikse binyrene utan å ta kortison. Skal kanskje teste binyrene mine nå, greit å veta kva utgangspunktet er.
Dette har eg gjort til nå:
Slutta med kaffe og sjokolade (et alltid 2-10 ruter mørk sjokolade kvar kveld)
Kutta kaffe førre veke. Var kjipt i 3 dagar, nå har eg det i grunnen betre.
Drikk lakriste 2-3 gonger per dag. Synest det hjelper!!
Starta i sommar å salte maten min igjen. Merka effekt av dette. Energi! Brukar himalaya salt kjøpt på iherb.
Tek 1 g C-vitamin (har gjort det sidan oktober)
Tek elles:
1 styk soloray mulitvitamin
1 styk betaglucan frå Now foods
2000 I.E. vitamin D3
Planlegg å byrje med jern igjen dersom ferritin har dala etter sist "jern-kur". Tok tidlegare 100mg/dagleg.
Må definintivt byrje med kalsium og magnesium. Har ikkje ete mjølkeprodukt sidan juni i år.
Skal også kjøpe Udo's choice igjen, tek da 2 spiseskeier.
Prøver så godt eg kan å ta det roleg på jobben, små pauser inni mellom. Unngå stress og press, legg inn små pauser der eg f.eks pustar djupt og tøyer litt. Om eg blir for sliten tek eg meg ein strekk. Men det siste her er dessverre sjeldan mogleg (føler vel at eg ikkje kan drive med det på jobb). Jobbar 80% og vurderer sterkt å gå ned til 70% og ha kortare dagar, men så blir jo lønna tilsvarade mindre og karriera mi stoppar litt opp. Vanskeleg å søkje ny jobb og få utvida erfaringa mi når eg ikkje kan søkje om 100%... Uff, blir stressa av å tenkjer på dette.Sist endret av Delisa; 10-12-09 kl 19:13 Begrunnelse: skrivefeil og syntaks
Lignende tråder
-
Hva er binyretretthet?
Av Anisa i forumet Adrenal Fatique - tilstanden sekundær til lavt stoffskifteSvar: 21Siste melding: 19-05-13, 15:27 -
partiell binyrebarksvikt i tidsskriftet
Av nora i forumet Adrenal Fatique - tilstanden sekundær til lavt stoffskifteSvar: 5Siste melding: 13-12-11, 21:20 -
Binyretretthet - hydrokortsonkrem?
Av Rufus i forumet HydrocortisonSvar: 14Siste melding: 29-09-09, 17:49 -
Hvor lav t4 kan man ha og fremdeles leve?
Av cathrin i forumet Naturlig Thyroid medisinerSvar: 19Siste melding: 25-09-06, 09:50 -
Hvordan leve med høyt stoffskifte? (litt langt)
Av nemi_137 i forumet Sosiale konsekvensene av stoffskiftesykdomSvar: 7Siste melding: 06-08-05, 10:35



Svar med sitat

Bokmerker