Viser søkeresultater 11 til 12 av 12
-
29-11-09, 14:33 #11
Sv: Lavt stoffskifte og problem med amming?
Jeg har 3 barn og har ikke klart å amme noen av dem i mer enn 2 måneder. Da var melken rett og slett tom.. jeg pumpet og ammet masse for å få opp produksjonen, men melken var og ble slutt..
-
29-11-09, 19:46 #12
Sv: Lavt stoffskifte og problem med amming?
Eg makta berre å amme i 3,5 mnd. Amminga kom heilt fint i gang trass adskillelse pga komplikasjonar. Dessverre hadde barnet kolikk (trur vi, fekk aldri dette bekrefta). Hylte dagleg i fleire timar. Gjekk dårleg opp i vekt, saug kun av eine brystet. Eg farta til helsestasjonen for veiing fleire gonger i veka, fekk råd om å pumpe som eg prøvde ein del (fleire ulike). Ein spesiell nasespray. Dessverre hjalp det lite. Verka som eg rett og slett hadde for lite mjølk. Ved 6-vekers kontrollen hadde eg fått ny fastlege som beordra enda ein reduksjon i Levaxin-dose. Den fyrste reduksjonen vart beordra på sjukehuset, 2 dagar etter fødslen (eg hadde ikkje endra dosen i svangerskapet og var svært slapp, kvalm, la på meg kun 7 kilo).
Eg kjente meg kjipare og kjipare. Så med etterkvart nokså dåreleg form pga lågt stoffskifte, var det deilig å kutte ut stresset med å pumpe, handmjølke, prøve amming. Var digg å gå 100% over på flaske. Slik kunne barnefar og sambuar bidra enda meir, var digg å kunne slappa av når han mata, hugsar eg.
Det rare var at eg ikkje var det spøtt depressiv. Slik i ettertid (med forma eg nå har) fattar eg ikkje korleis eg takla lite søvn, hyling, vanskeleg/uråd å trøyste barnet mitt. Kjente meg glad, rett som det var lykkeleg.
Ein eventuell neste gong skal eg ikkje nøle med å gje opp amming tidlegare dersom det kun blir eit stressmonment. Barnet er nå 16 mnd og er omtrent aldri sjuk, har låg vekt (godt under 9 kilo) og skal nok vera ein lettvektar. Skal stengje øyro og augo for all info om kor bra og viktig amming er. Dersom det går, er det bra. Går det ikkje, er det bra det også.
Eg spurte gjentekne gonger helsesystrene og fastlege om ammeproblema kunne ha med hypotyreosen å gjera, men fekk ingen klåre svar. Ingen av dei var kvalifiserte til å svare. Sjølv trur eg igrunnen det kan vera ein samanheng.
Lignende tråder
-
problem med øynene
Av pling i forumet Stoffskifte relaterte øye plager og øyesykdommeSvar: 11Siste melding: 14-03-09, 10:27 -
Problem ved langtidsbruk av levaksin?
Av superk i forumet Lavt stoffskifteSvar: 3Siste melding: 19-01-08, 18:50 -
Amming og stoffskifte...
Av Tusull i forumet Stoffskiftesykdommer og graviditetSvar: 5Siste melding: 09-07-07, 22:17 -
Amming og Levaxin gir søvnløse og stressa babyer?
Av RIGG i forumet Levaxin, Eltroxin, Euthyrox etc.Svar: 6Siste melding: 11-09-06, 19:30
Svar med sitat
Bokmerker