Her er ei bra nettside (kanskje ein del som veit om den frå før!?), den er iallefall veldig utfyllande om samanhengen mellom skjoldbruskkjertelen og trøytte binyrer, og kva rolle østrogendominans har i det heile...

http://www.drrind.com/

http://www.drrind.com/metabolic.asp

Utifrå det Dr. Rind skriv er det som oftast ein sammenheng mellom dårleg fungerande skjoldbruskkjertel og trøytte binyrer. Dei jobbar i lag, og viss den eine har vore "kaputt" lenge utan behandling, trappar den andre ned til same nivå..
Progesteron blir produsert i binyrene og er forløparen til kortisol (som stoffskiftet er avhengig av), og han anbefalar bruk av progesteron-krem fordi behandling av skjoldbruskkjertelen/stoffskiftet er avhengig av at binyrene fungerar på same nivå, eller at binyrene kan takle det nye tempoet i kroppen.
Han skriv at binyrene som regel vert ignorert i behandlingen av hypotyreose/lavt stoffskifte, og at mange av bivirkningane og svingningane som ein får av behandlingen kjem av at binyrene ikkje får den støtten dei treng...... er også symtom-skjema der du kan finne ut om du har trøytte binyrer og østrogendominans.

Las på ei anna side www.stopthethyroidmadness.com om kor viktig dei meinte det var med å følge opp stoffskiftebehandlingen med kortisol.---
Men dersom ein brukar progesteron vil ein vel få naturleg meir av dei Gode binyre-hormona og kortisolet du treng til stoffskiftet vil bli produsert etter behov? Samtidig får du balanse i østrogen/progesteron- tape vekt - mindre sjanse for underlivskreft osv osv.....?

Er det nokon som har erfaring med progesteron? Og kor ein kan få kjøpt det?

Ellers om nokon har erfaring med andre av dei preparata det står om?

http://www.drrind.com/adrensupport.asp

Det står også at ein kan bruke dissekerte binyrer (Cytozyme AD) for å støtte binyrene. Er det nokon som har prøvd det?

Her er linkar til eit par sider om progesteron/østrogendominans:

http://www.natural-progesterone-advisory-network.com/

http://www.johnleemd.com/

Hadde vore fint å fått opp ein diskusjon og samla alt av info om binyrene i ein tråd.....