Eit lite spørsmål til den som kjenner seg kalla ;) Tippar det er nokon her med erfaring og kunnskap om d-vitamin.

Vil det funke greit å ta d-vitamin to gonger i veka, sei f.eks. onsdag og laurdag. 5000 i.e. kvar gong. Eller er det aller best å innta same mengde d-vitamin kvar dag. Er jo her snakk om ein del høgare dose enn det som helsemyndigheitene her til lands rår oss til...

Risikerer eg å bli kvalm eller noko annna ubehageleg.

Må opplyse om at eg er følsam; reagerer lett på doseendringar blant anna. Masse mat eg må unngå pga intoleransar, og har også alvorleg allergi eg må ta hensyn til. Føler at eg er svært følsam reint fysiologisk, om det går an å ordlegge seg slik.

Skal om ikkje lenge på ferie til USA Og der er planen å kjøpe ein del vitaminar. Dessverre er det kun lov å ta med heim d-vitamin til 3 mnd, altså 90 kapslar. Irriterande og latterlege opplegg, må eg seie.