Hei
har no gått på armour i snart to år og formen er bra. Hadde ein nedtur etter eit halvt år, men siste skuleåret( er lærar) har eg vore i 100% jobb Føler at kroppen fungere bra sjølv om eg må passe meg for stress. Er ikkje alltid så lett det som lærar .
Men no til spørsmålet som eg håpar nokon kan hjelpe meg med. Då eg gjekk på Levaxin og Liot. var eg slank men dårleg. No når eg går på Armour er vekta auka med snart 17 kg , men formen er god. Eg får alltid høyre i ein bisetning at ft4 er lav men det skal eg ikkje bry meg med sidan dette skjer ver armourbehandling. TSH ligg rundt 0,1. Har vekta noko å gjere med ft4 eller kva er dette. Eg er aktiv og et ikkje meir enn eg må. Derfor er dette slitsomt og kjedeleg:(
Nokon som har eit svar eller ein teori????