Viser søkeresultater 1 til 10 av 34
Tråd: Usikker på kursen vidare
Threaded View
-
03-10-10, 18:29 #16
Sv: Usikker på kursen vidare
Hei til alle som har kommentert og delt av eigen erfaringar her i tråden min. Nå har eg vore hos legen. Diskuterte dosering. Det var heilt ok (sjølvsagt) at eg på eigahand hand har droppa Levaxin. Eg er temmeleg rørete med tal (mogleg eg har dyskalkuli
, så oppdaga når eg drog derifrå at eg ikkje hadde fått fram at eg har forsøkt meg med 2,5 grain. Legen (trur eg da) fekk med seg at eg nå brukte 2 grain, 120 mg.
Vi vart derfor samde om at eg nå skal ta 125 mg/2 grain dagleg. Da kan eg ta èin tablett og ferdig med det. Vidare var legen av den klare oppfatning at 125 mg i alle fall ikkje er for lite for ein person av min storleik (54 kg/160 cm). Eg lufta for legen at eg via norske og utanlandske nettstader/fora har fått med meg at dei fleste bruker langt meir, ja at 3 grain verkar å vera ei meir typisk dosering, og at det finst ein del som bruker både 4 og til og med 5 grain. Om dette skjønte eg at legen vurderer dette som på grensa til helsefarleg hos enkelte.
Sidan eg har vald å stole på legen og samarbeide om dosering, forsøker eg nå 125 mg i nokre veker før eg evt. tek kontakt for å drøfte vidare.
Ellers skulle eg ta all medisinen på ein gong, altså ikkje splitte dosen.
Det rare er at eg har følt meg mykje betre etterpå. Tek nå 120 mg Erfa på morgonen i lag med 10 Dhea. Det siste gløymte eg veldig ofte fordi eg liksom skulle ta det med mat.
Blir spennande å sjå korleis dette går framover. Håpar verkeleg det stemmer at 125 mg er ei passande dose for meg. Legen understreka heldigvis at det viktigaste er korleis eg føler meg, ikkje kva verdiane blir.
Når det gjeld tsh, har eg ikkje diskutert dette med legen enda. Så veit ikkje kva denne tenkjer om evt. uheldige effekter av supprimert tsh.
Ja, det var litt oppdatering.
Og til slutt: Med resept på 500 styk (yes!!!) 125 mg Erfa, kvar bør eg dra for å hente?? Kvar er det rimelegast, eg bur vest i byen.
God kveld til alle!
Lignende tråder
-
Ny her og usikker
Av jone i forumet PresentasjonerSvar: 5Siste melding: 15-03-08, 11:47 -
Ny her og litt usikker
Av Majsa i forumet PresentasjonerSvar: 1Siste melding: 14-03-08, 14:00 -
usikker......
Av cyrene i forumet Lavt stoffskifteSvar: 4Siste melding: 19-07-06, 09:06 -
USIKKER!!
Av rimeny i forumet Høyt stoffskifteSvar: 3Siste melding: 27-08-05, 22:32 -
Usikker og gravid
Av Feb-06 i forumet Stoffskiftesykdommer og graviditetSvar: 5Siste melding: 08-07-05, 12:04


Svar med sitat
Bokmerker