Viser søkeresultater 1 til 10 av 27

Threaded View

  1. #27
    Medlem siden
    Mar 2007
    Sted
    Østlandet
    Meldinger
    179

    Standard Sv: Lavt stoffskifte eller binyretretthet??

    Heisan
    Har logga meg ut av det meste i ein lengre periode. Kroppen har vore litt ulaget og eg har måtta fokusere fullt på jobb fram mot o'store sommarferie. Gjekk av jobb i går og kræsja fullstendig i går ettermiddag og i dag.

    Ville berre seie at eg har hatt stor nytte av å lese denne tråden da eg strevar med mykje av det same.
    Bruker nå 50 mcg Levaxin, 60-90 mg (1-1,5 grain) Thyroid. Og har inntil for 2-3 veker sidan brukt heile 20 mg Dhea. Det siste er nok for mykje. Så nå tek eg 10 mg Dhea.
    Har hatt problem med hjartebank spesielt, men også kjent meg svimmel, varm, kvalm og fjern.
    I starten var eg superfin på Levaxin, Erfa og Dhea. Det veit du spesielt godt, Berit1974 ;) Men etter kvart fekk eg hjartebank før eg skulle ta dose 2 Thyroid. Da hjelpte det ca 14 dagar å ta den dosa, da roa hjartet seg. Men så fekk eg hjartebank mm litt oftare og det hjelpte absolutt ikkje å ta Thyroid. Halverte så Dhea, og kutta ned på Thyroid.

    Legen min på Heggeli anbefaler meg å ta heile Thyroid-dosen på morgonen. Han seier også at eg må stå ei stund til på eit tillegg av Levaxin fordi kroppen (binyrene) ikkje klarer å gje det som må til skulle om eg tok all stoffskiftemedisinen ved hjelp av Thyroid.
    Skal attende i august og håpar eg da kan kutte meir på Levaxin.

    For ein månad sidan kom eg i skade for å tygge Levaxinen. Ikkje gjer det!!! Fekk ein superekkel smak i munnen. Denne vara i heile 5 dagar, og var svært sterk i 4 dagar. Særleg når eg skulle eta og drikke. Måtte tvinge meg til å spesielt eta.
    Lurer nå på om Levaxin er reinaste gifta ;)

    Legen min var atterhalden med å gje meg medisin for binyrene. Det har vore snakk om Cortef. Klok mann som han er, skjønte han at eg har litt å gå på når det gjeld eigenomsorg. Er superflink med kosthald og har roa livet mykje ned (så svært lite stress, sett bort frå flytting da...), men er ein natteravn, vettu.

    Så i sommar skal eg leggja meg tidleg. Ingen vin etter at barn har lagt seg.

    God sommar og god betring til alle!
    Sist endret av Delisa; 03-07-10 kl 15:17 Begrunnelse: skrivefeil

Lignende tråder

  1. Å leve med binyrebarksvikt eller binyretretthet
    Av Vigdis i forumet Adrenal Fatique - tilstanden sekundær til lavt stoffskifte
    Svar: 953
    Siste melding: 09-09-14, 21:29
  2. Lavt stoffskifte eller utbrent??
    Av Søvniiiig i forumet Lavt stoffskifte
    Svar: 4
    Siste melding: 25-01-09, 12:37
  3. Lavt stoffskifte eller ?
    Av Sonye i forumet Lavt stoffskifte i grenseland
    Svar: 3
    Siste melding: 13-03-08, 17:56
  4. Har jeg lavt stoffskifte eller.....?
    Av jan-1962 i forumet Lavt stoffskifte hos menn
    Svar: 8
    Siste melding: 21-01-08, 17:54
  5. TRAS, lavt eller høyt stoffskifte???
    Av Unn i forumet Hashimoto's thyroiditt (anti-TPO)
    Svar: 6
    Siste melding: 29-05-07, 18:08

Søkeord for denne tråden

Bokmerker

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •  

Logg inn

Logg inn