Viser søkeresultater 1 til 10 av 108
Threaded View
-
05-03-10, 22:22 #10
Sv: Nå trenger jeg hjelp
Hei Gekko
Trist at du er i dårleg form, men fint at du fann vegen inn hit
Eg kan ikkje kommentere blodverdiane dine da det tok meg fleire år å forstå litt av samanhengane. Hadde lenge legar som kun såg på tsh.
Fingrane er jo så viktige når det gjeld klatring. Eg veit kor kjipt det da er å ha carpel tunnel syndrom, og stive og kraftlause fingrar. Heldigvis kjem dei seg når adrenalinet renn litt på etter oppvarminga.
Men trening funkar jo best når stoffskifte ikkje er så sløvt, restitusjon osv. krev jo litt høgare tempo.
Eg saknar så buldringa, men slik det er nå med stoffskiftesjukdom og hus, barn osv. kan eg ikkje lenger bruke det vesle eg har av krefter på min favorittaktivitet. Får i blant til små økter, blir så glad av det
Sambuaren min, som også er klatrar, reagerte aller fyrst på sine kraftlause fingarar på morgonen. Han har ikkje antistoff (slik som eg og du), men mildt nedsett stoffskifte. Fekk Levaxin av ein flott lege (tipsar deg gjerne om denne legen per privat melding). Vi har same legen og eg er fornøgd.


Svar med sitat
Bokmerker