Viser søkeresultater 1 til 5 av 5
Threaded View
-
24-03-08, 16:01 #2
http://www.lommelegen.no/php/art.php?id=333252#SsvarBinyrene er sentrale når kroppen skal ta hand om stress. I binyrebarken er kortisol det viktigste stresshormonet og i binyremargen blir det produsert katekolaminer (dopamin, adrenalin og noradrenalin).
Eit overordna mål for binyrene er å setje kroppen raskt i stand til å takle stresstilstandar og "reaksjonen" frå binyrene på stress skal vere akkurat passeleg stor til optimal stresshandtering.
Det finst sjukdomar i binyrene som kan forstyrre denne stressreaksjonen. Sviktande binyrebarkfunksjon vil gi dårleg appetitt, vekttap, kvalme og oppkast, trøtthet, pigmentering av huden og lavt blodtrykk. For å påvise dette blir det brukt ein test som heiter Synachten-test. Då måler ein maksimal kortisolproduksjon i binyrene ved å stimulere med ACTH (=Synachten). Verdien skal normalt stige til over 550 nmol/l.
Det finst og sjukdomar som gir vedvarande for høge nivå av kortisol. Symptoma kan vere rundt og raudt ansikt, mye nakkefett, feit hud med mye acne, hudblødningar, magefedme, nedsatt muskelkraft, psykiske problemer (depresjon, psykose) etc. Diagnosen er vanskeleg å stille. Ein kan måle kortisol i døgnurin, kortisol kan målast i blodet morgonen etter at ein har tatt 1 mg Dekadron og ein kan måle kortisol morgen og kveld for å sjå etter den normale døgnvariasjonen. I det siste er ein også begynt å måle kortisol i spytt.
Vedvarande høg produksjon av katekolaminer frå binyremargen kan gi følgjande plager: Hovudverk, svetting, rødme, kvalme og oppkast, svimmelhet, brystsmerter, angst, skjelving etc. Denne tilstanden blir påvist gjennom blod og urinprøvar.
Pussig nok ser det ut til at vi kan klare oss nokså godt utan binyremargen. Det gir ingen alvorlege plager om denne blir fjerna."Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv!"
Immunopati: Hashimotos, Autoimmun gonadesvikt, ITP (to ganger), Astma IBS, Fibromyalgi.


Svar med sitat

Bokmerker