Viser søkeresultater 1 til 10 av 14
Tråd: Studine
Threaded View
-
04-03-08, 19:10 #9
Hei igjen alle saman!
Då har eg vore til legen og tatt nye prøvar. Var også denne gong på legesenteret her eg bur, ikkje til endokrinologen.
Prøvesvar av 12. feb. 2008: Denne gong med referanseområde!
TSH: 0,11 (0,40 - 4,00) L
FT4: 25 (10,3 - 24,5) H
T4: 119 (58 - 161)
T3: 2,0 (1,3 - 2,6)
TBG: 17 (13 - 39)
Thyroglobulin: 0,5 (<150)
Thyroglob.antist.: 36 (<50)
TPO antist.: <10 (<50)
TSH rec antist.: <1,0 (<1,5)
Ligg litt låg TSH no! Formen er bra, men bør eg vere uroa over desse resultata? Skulle kontakta endokrinologen i Bergen, men eg ventar på prøvesvar på prolaktin før eg kontaktar han.
(Legen, eller nokon andre, hadde gløymt å krysse av for måling av prolaktin, så eg må tilbake og ta nye prøvar)
Pga barneønske vil eg gjerne ha så fine prøvar som eg kan. Har heile tida fokusert på å få TSH ned mot 1, men kva no? Bør TSH ikkje ligge under 1?
Legen har også denne gong kryssa av for antistoff-prøvane, forstår ikkje heilt kvifor. Trudde det berre var for å finne årsaken til lågt stoffskifte? Men no ser eg at eg ikkje har antistoff mot tyroglobulin lengre! Betyr det noko? Kan det ha samanheng med at stoffskiftet mitt eg høgare no? (Det betyr vel ikkje at eg er på veg til å bli kvitt denne sjukdommen vel?!?)
Set stor pris på tilbakemelding!Studine - ferdig skolert


Svar med sitat
Bokmerker