Hei! Blei litt interessert i det du skreiv, for eg har aldri visst at kraftige blødningar kunne ha sammenheng med lavt stoffskifte. Har sjølv slitt med kraftige blødningar i fleire år. Tok utskrapning av slimhinna i 2002 og 2003, men hos meg hjalp det ikkje noko særlig, så eg endte opp med å fjerne livmora i 2003. Har ikkje angra ein dag, det er eit nytt liv. (Det skal jo då også seiast at eg har 4 ungar og det var uaktuellt med fleire.)Utskrapning av slimhinna gjekk veldig greit, var litt hoven og øm i magen i nokre dagar. Reiste heim dagen etter operasjonen. Ikkje noko å grue seg for. Eg har aldri fått påvist at eg har lavt stoffskifte, men har knutestruma. Kanskje det kunne ha ein sammenheng med blødningane? Lykke til!