Viser søkeresultater 1 til 2 av 2
Threaded View
-
11-02-11, 08:53 #1
Kan eg ha høgt stoffskifte sjølv om TSH var fin?
Den vart i november målt til 0,76, nemleg. Legen min var sikker på at stoffskifte var problemet, då eg søkte hjelp i haust med trykk for brystet, muskelsmerter, ømme ledd, mage- tarmtrøbbel (diarè), utslitthet etc. Men prøvane var altså fine, dermed vart det utelukka, og fleire prøvar tekne.
Eg har fått diagnose D-vitaminmangel, og tek d-vitamin for harde livet - har gjort i 2 mnd. no.
MEN eg var hos augelegen i går, pga. langvarig raude og såre auger, det eine med ein del smerte - dessutan er høgre pupill aldri så lite større enn venstre. Augelegen oppdaga for høgt trykk i høgre auge (muligens også i venstre, men marginalt), og nedsett tåreproduksjon i høgre. Eg gjekk difor heim med augedråpar, gele til nattbruk og vert innkalt om 3 mnd. for å sjå om trykket aukar.
Så viser eit enkelt google-søk meg at desse augeproblema mine kan vere symptom på høgt hyperthyreose? Som altså har vore mistenkt tidlegare i prosessen...
Eg lurer difor på - er det vits å spørre legen om nye stoffskifteprøver?For å endre signatur: Du må gå inn på "Kontrollpanel" i menyen øverst her, og derfra velger du "Rediger signatur" i venstremenyen. Samme sted kan du endre avatar: velg "Rediger avatar".


Svar med sitat
Bokmerker