Viser søkeresultater 1 til 10 av 34

Threaded View

  1. #1
    Medlem siden
    Mar 2007
    Sted
    Østlandet
    Meldinger
    179

    Standard Usikker på kursen vidare

    Har sidan april brukt Erfa og Levaxin. Kom meg opp på 1,5 grain og 50 mcg Levaxin. Følte meg stabil og fin der. Tok da 0,5 grain ekstra 1-3 dagar per veke. Enkelte gonger vart dette for mykje og eg vart varm, stressa og søvnlaus pga. hjartebank.
    Har i tillegg brukt Dhea 10 mg. Starta på 20 mg, men har nå altså brukt 10 mg sidan midten av mai. Føler det hjelper, men er litt usikker. Opplever jo fyrst og fremst at det er tyroid-pillene som har "krutt" i seg.

    Legen ville ha meg ned på Levaxin, aller helst av dersom eg tolte det.
    Så i starten av august reduserte eg Levaxin frå 50 mcg til 25 mcg. Tok da ikkje mange vekene før eg følte meg snikande dårleg i formen. Mindre pågangsmot, stadig vondt i halsen, alltid blemmer i munnen (after, munnskold). Så har det stive ansiktet (hypo-symptom hos meg) kome tilbake :( Eg er nå sikker på at eg er for lågt regulert, altså i ferd med å få lågt stoffskifte.

    Denne veka, altså i går, starta eg eit prosjekt som eg ikkje har teke opp med legen enda. Skal forsøke heilt utan Levaxin.
    Måndag tok eg 1,5 grain på morgonen. Null Levaxin!
    Tysdag tok eg 1,5 grain på morgonen og 0,5 ca kl 14.
    Onsdag tok eg det same som i går.

    Framleis kjip i formen.

    Får mange spørsmål....
    Vil det ta tid å få opp igjen ft4-verdien (dersom det er denne som har dala som følgje av reduksjon i Levaxin)?
    Vil eg gjera vondt verre ved å kutte ut Levaxin heilt?
    Vil eg kanskje få for mykje t3? Eg er veldig følsom for doseendringar, ja opplever at eg er veldig følsam generelt når det gjeld medisinar, mat etc.

    Skal så klart høyre med legen. Sender mail, eller bestiller time. Det siste er det jo lang ventetid på, så eg må jo ta action på eiga hand. Det er derfor eg spør her...

    Dersom eg skulle få høgt stoffskifte. Har hatt det før i haust etter inntak av ekstra Erfa. Kor lenge vil slik kjip hjartebank og tråkig diare... vare, mon tru?

    Må leite før eg evt. finn blodprøve-resultata frå min stabile periode i august. Men hugsar at eg hadde tsh under 1, men ikkje får låg heller. Og dei frie verdiane var innanfor. Ft4 var ikkje veldig høg. Trur ft3 låg høgare.

    Fint om nokon kan kommentere dette.
    Ellers må eg legge til at eg sidan overgang til Erfa (i tillegg til Levaxin) har vore i betre form enn på fleire år. I sommar tenkte eg at eg var heilt frisk igjen. Deilig tanke!! Nå er eg litt nedstemt ved tanke på at eg for alltid skal ha med meg denne sjukdommen, og at det igjen er litt trøbbel (men mykje mindre trøbbel enn tidlegare altså). Heia Erfa og heia Sonjas!!
    Sist endret av Delisa; 22-09-10 kl 21:43 Begrunnelse: liten skrivefeil

Lignende tråder

  1. Ny her og usikker
    Av jone i forumet Presentasjoner
    Svar: 5
    Siste melding: 15-03-08, 11:47
  2. Ny her og litt usikker
    Av Majsa i forumet Presentasjoner
    Svar: 1
    Siste melding: 14-03-08, 14:00
  3. usikker......
    Av cyrene i forumet Lavt stoffskifte
    Svar: 4
    Siste melding: 19-07-06, 09:06
  4. USIKKER!!
    Av rimeny i forumet Høyt stoffskifte
    Svar: 3
    Siste melding: 27-08-05, 22:32
  5. Usikker og gravid
    Av Feb-06 i forumet Stoffskiftesykdommer og graviditet
    Svar: 5
    Siste melding: 08-07-05, 12:04

Bokmerker

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •  

Logg inn

Logg inn