Viser søkeresultater 1 til 10 av 18
Threaded View
-
17-12-09, 19:37 #7
Er prøvene heilt normale?
Under har eg skrivi inn prøvesvara til sambuaren min. Han er 39 år, gjekk til legen for å sjekke stoffskifte m.m da han i lengre tid (i alle fall siste 2 åra har kjent seg slapp).
I haust har han klaga over å vera kald på hendene og "i kroppen", blant oppvakningar på natta, vanskar med å sovne, lite overskot, orkar ikkje det same som tidlegare. Dessutan hjartebank innimellom, seier det ikkje er like mykje "futt" i han som før.
Siste åra har han utvikla allergi mot stadig fleire av pollengreiene. Samt mild astma. Mageproblem (luft og syre) i mange år. La om kosthaldet i vår (blant anna utan gluten og mjølk) og har nå lite allergiplagar, astmaen plagar han nesten ikkje. Ikkje lenger tendens til migrene.
Han er slank og velbygd. Har alltid trent masse. Var i 15 år i toppen i ein svært fysisk krevjande idrettsform. Er sterk enda, særleg med tanke på at han nærmar seg 40 år
Legen meiner alle resultata er normale. Sambuaren min hadde nesten håpa prøvene ville indikere lågt stoffskifte da han veit at medisin kan hjelpe. Han har jo sett meg i åra som har gått
S-Ferritin 167 (20-300)
S-Jern 12,2 (9,0-34,0)
S-Jernbindingskap 54 (49-83)
S-Jernmetning 23 % (15-57)
fS-Glukose 3,9* (4,0-6,0)
S-Vitamin D3 114 (50-150)
S-TSH 2,8 (0,2-4,0)
S-Fritt T4 14,4 (11,0-23,0)
S-Fritt t3 4,5 (3,5-6,5)
S-Anti-TPO <25 <60
Så ingen autoimmun tyroiditt. Bra er vel det! Men er det slik at tsh på 2,8 kan gje symptomar? Vi veit jo ikkje kva verdien var før. Og Ft4 er litt låg. Eg hadde daua på meg med slike resultat, men så er jo eg substituert med Levaxin.
D-vitamin var så vidt innanfor ref.området i juni. Han har brukt 1000 I.E. dagleg sidan, og nå er verdien fin
Vi trur dette har hjelpt på større motstandskraft mot forkjølelse etc. Så verdt å sjekke for alle!!!
Det vi (spes. eg da
) reagerer på, er at legen avfeier det som normalt utan å ta intitativ til å undersøke vidare. Pasienten klager over slappheit, prøvene er normale, bør ikkje legen da i det minste spørja korleis han har det. Ideelt sett burde legen, etter mitt syn, forsøke å finne ut kva problemet er. Fyrste steg burde vera ei samtale.
Sukk!
Om nokon har noko som helst å kommentere på prøver eller mine tankar kring det, hadde eg sett stor pris på det. Snille, flinke og tapre folket her på forumet.Sist endret av Delisa; 17-12-09 kl 19:40 Begrunnelse: skrivefeil
Lignende tråder
-
Hypothyreose. Oversikt over hva som kan være lurt å sjekke!
Av Anisa i forumet BlodprøverSvar: 2Siste melding: 08-03-10, 10:29 -
blodprøver
Av Kari i forumet BlodprøverSvar: 9Siste melding: 10-07-05, 18:49 -
Blodprøver
Av Juva i forumet BlodprøverSvar: 4Siste melding: 20-06-05, 12:30


Svar med sitat
Bokmerker