Tidsskriftet.no anmelder en bok om legemiddelindustrien: Carl Elliott
White coat, black hat
Adventures of the dark side of medicine. 213 s. Boston, MA: Beacon Press, 2010. Pris USD 25

ISBN 978-0-8070-6142-8

Carl Elliott er ein amerikansk lege som kjente ubehag ved å bli lege, som søkte over mot filosofien, og som har enda opp som professor i etikk ved University of Minnesota. Han har skrive gode bøker om bioetikk, kultur og identitet og har eit kritisk perspektiv på korleis medisinen fungerer i det moderne samfunnet. Den siste boka hans er ein analyse av korleis legemiddelindustrien har endra medisinen frå «old-style doctoring» til konsumentkapitalisme.

I dei seks kapitla skriv han om korleis legemiddelindustrien har tatt regien over klinisk forskning, om produksjon av vitskaplege artiklar, føreskrivingspraksis av legemiddel, kunnskapsproduksjon, marknadsføring og etikk. Forfattarens intensjon er å vise kva som har gått gale i medisinen, ikkje det som har vore ein suksess. Boka er først og fremst eit moralsk oppgjer med alle aktørane innan industri og medisin og ikkje primært eit systemperspektiv som kunne gi oss eit alternativ.
les mer på Tidsskriftet