Viser søkeresultater 1 til 8 av 8
Threaded View
-
20-12-10, 13:23 #1
'Berre' d-vitaminmangel..?
Hei! Eg snik meg inn her eg, sjølv om eg ikkje har nokon stoffskiftesjukdom.
Då eg kom til legen for nokre mnd. sidan var ho overbevist om at det var stoffskifterelaterte problem eg kom med. Men så viste blodprøveresultata noko anna - alle prøvane ho hadde teke (og det var mange!) var gullfine! Ho vart opprådd, eg vart ganske skuffa - for noko måtte det jo vere som gav kroppen så store problem! Vel, ho tok endå fleire prøvar - og ei vekes tid seinare kom 'dommen' - d-vitaminmangel. 31 nmol/L.
Ho rekvirerte fleire prøvar for å finne evt. årsak til dette (var vel PTH og kalsium og ein til), alle desse var fine. Fekk resept i posten på d-vit (800 IU pr. dag, har ikkje henta ut, reknar med det er d2 det er snakk om...).
Men altså - kan mangel på d-vitamin gi symptom som minner såpass mykje om stoffskiftesymptom?
Mine symptom (i 'stigande rekkefølge' ;) ):
- trykk for brystet, øm, vondt ymse stader i brystområdet (flyttar seg stadig)
- trøtthet
- ofte vondt i halsen og lett hoste, tidvis hoven på ei side av halsen
- mage i ulage, ofte laus
- dårleg matlyst
- hovudverk
- leddvondt, særleg hender og kne - men dette kan også vere arveleg betinga..
- prikking under føter, ein sjeldan gong i hender
- harde pulsslag
- ømhet/smerter i hovudet, rett under huden, liksom. Vondt ved berøring også. Område som flyttar seg heile tida.
- tørre auge/føles av og til som tåkesyn (men kan vel vere pga. tørrhet og at eg har brukt linser meir enn eg burde viss auga er tørre?)
Alt vert forverra i periodar, og er betre i periodar. Altså - alt følgst, liksom. Eg kan ha ei elendig veke for så å ha to mykje betre, eller det kan vere kortare periodar.
Det opplevest også som om dette kan henge litt saman med menstruasjonssyklus?
I alle fall - sidan eg kjapt las meg til at D3 er saken, brukar eg for tida ein D3-spray som gir 200 IU pr. spray. Eg brukar 2 x 4 spray pr. dag, altså i overkant av 3000 IU. Burde eg auke til 5000 (kapslar i så fall?)?
Og så lurer eg jo på om her er andre som også 'berre' lir av d-vitaminmangel her? Finst ikkje akkurat mykje info om dette på norsk, ser eg - finn helst berre info om rakitt og sånt når eg søker...
Kan legge til (sidan dette jo ikkje vert særleg langt allereie...
) at yngstedotter mi er 1,5 år gammal, og dei første symptoma kjende eg for snart 1 år sidan. Då amma eg massemasse (ammar framleis, men ikkje så mykje) og hadde nokså nyleg teke svineinfluensavaksina (har heile vegen lurt på om det kan ha spelt inn, men aaaaanar ikkje). Så eg tippar det er årsaka for meg - at eg sikkert låg litt lågt i utg.punktet (altfor flink med solkrem ;) ) og at svangerskap og ikkje minst amminga fekk meg endå lengre ned.
Kor lang tid må ein rekne med det tek før ein merkar noko betring? Utålmodig, kjenner eg - vil ha livet mitt tilbake
For å endre signatur: Du må gå inn på "Kontrollpanel" i menyen øverst her, og derfra velger du "Rediger signatur" i venstremenyen. Samme sted kan du endre avatar: velg "Rediger avatar".
Lignende tråder
-
D-vitaminmangel
Av Hildemor i forumet D-vitaminSvar: 35Siste melding: 17-04-08, 22:11


Svar med sitat
Bokmerker