Viser søkeresultater 1 til 10 av 18
Hybrid View
-
09-12-09, 21:08 #1
Sambuaren min. Blodprøver for å sjekke tyroideafunksjon ??
Sambuaren min har dei siste par åra følt at han har fått merkbart mindre energi. Han er 39 år, og det må nemnes at han tidlegare var ein real energibunt med stor arbeidskapasitet og super fysikk. Fysikken er framleis svært bra, men livet er nå meir pes og jobb og mindre trening og moro (slik det gjerne blir for dei fleste av oss når tidsklemme mm snører seg saman). Så det er vanskeleg å seie kva som er kva.
Han har to gonger målt tsh.
Februar 2008 tsh 2,8 (0,2-4,0)
Juni 2009 tsh 2,2 (0,2-4,0)
Relevante sjukdomar: mild astma og "alle" pollenallargiane.
Faren har diabetes type 1, mor ein form for revmatisme. Altså har båe foreldra autoimmune sjukdommar, eller? Viss så, er det relevant i den forstand at det aukar sjansane for at han skulle få autoimmun tyroiditt??
Han har nå (etter eit par år med snakk om mindre energi) bestemt seg for å få sjekka stoffskiftet.
Kva for prøver skal eg tipse han om. Han har privat lege, så reknar med at han får det han ber om innan rimeligheitas grenser.
tsh
ft4
ft3
anti-tpo
ferritin
S-25-OH D3
Noko meir nå i fyrste omgang??
Håpar nokon har tid og ork
til å svare. Eg er så glad for at han skal sjekke dette.
Sist endret av Delisa; 09-12-09 kl 21:11 Begrunnelse: skrivefeil
-
10-12-09, 08:42 #2
Sv: Blodprøver for å sjekke tyroideafunksjon ??
Hei Delisa

Blodprøvene du nevner skal i første omgang holde for å påvise evt. sykdom i skjoldbruskkjertelen.
-
10-12-09, 16:59 #3
Sv: Blodprøver for å sjekke tyroideafunksjon ??
Takk for svar
Eg gjekk ut i frå at dette var nok, ja. Veit frå før at B12 er bra hos han.
Han gjekk til legen i dag
Fekk sjekka alt, bortsett frå kortisol da legen meinte han da måtte ta blodprøve fleire gonger i døgnet. Salvia var jo poenget her, da. Men han får sjekke dette seinare, særleg dersom han får utslag på stoffskiftegreiene.
Legen var einig i at fleire av symptoma kunne stemme med lågt stoffskifte og synetest det var fint med ein sjekk.
-
04-02-10, 21:49 #4
Sv: Blodprøver for å sjekke tyroideafunksjon ??
Berre ei lita oppdatering herifrå.
Mannen min fekk prøve Levaxin, han brukar ein svært låg dose. Type 75-100 mcg per veke. Meiner han har det noko betre nå, har gått 4-5 veker.
Blir spennande å sjå om han kan oppnå ytterlegare betring. Håpar
-
23-04-10, 16:39 #5
Sv: Sambuaren min. Blodprøver for å sjekke tyroideafunksjon ??
Hallo!
Hadde vært morsomt å få ennå en oppdatering på hvordan det går med mannen din? Sliter selv med typiske symptomer, men hadde nå sist, akkurat samme blodverdier som mannen din. Derfor vil jeg be legen min om å få prøve Levaxin. Men hadde vært greit med noen referanser.
Her er mine tre siste prøver om de sier deg noe:
Sommer 09:
TSH: 3,09 0,27-4,20
FT4: 11,9 12-22
Vinter 09:
TSH: 4,16
FT4: 13,4
I dag:
TSH: 2,72
FT4: 14,2
FT3: 4,5 4-6,8
Har ikke anti stoff.
Eller så håper jeg det går bra med dere begge!
En som vil, men ikke får det til!
-
23-04-10, 21:54 #6
Sv: Sambuaren min. Blodprøver for å sjekke tyroideafunksjon ??
Hei og velkomen til Sonjas
Fint med fleire menn her
Eg kan fortelja kort om sambuaren min, sidan du spør. Han byrja altså med ein svært låg dose Levaxin i januar, type 25 mcg. Trur han går på det same nå som når eg skreiv oppdateringa i tråden her (så kanskje er det 75 mcg + per veke). Han har kort nemnt blodverdiane sine for meg, eg har jo nok med mine eigne greier, så eg hugsar ikkje.
Veit at legen hans ser på tsh og ft4. Han sa ein gong at legen hadde sagt ft4 skulle opp mot 18-19 og tsh skulle vera ca 1, trur tsh da var litt over 1.
Det tok ein del veker før min kjære følte seg stabilt betre. Men nå er denne betringa stabil og også synleg for meg slik i det ytre; han ser meir vaken og opplagt ut. Men aller fyrst kjente han seg litt betre etter ein kort periode på Levaxin, så var han tilbake til start, men med litt auke i dose og medan vekene gjekk, har han definitivt vorte betre.
Han meiner framleis at han har mindre energi enn før. Dette stemmer nok, men kan vel så mykje ha med at han er ein travel mann, som berre roar ned om han verkeleg må. Han har "piska seg" sjølv for lenge, med jobb, ansvar og tung trening i mange år. Dessutan er det kanskje vanleg å bli litt slakkare med åra?
Det han kan nemne nå er at han ikkje tolar så godt stress. Og framleis føler han seg tung og treig på morgonen, seier han. Om det blir for mykje ein dag, blir han fysisk dårleg. Utmatta etter middagen, må ligge ned, orkar ikkje det han vanlegvis orkar.
For meg som opplevde han før han gjekk til lege, får eg likevel inntrykk av at han fungerer mykje betre. Men han veit jo sjølv best kvar det enda ikkje stemmer heilt.
Han vurderer å gå over til Erfa thyroid. Eg veit at han har sjekka binyrene sine i døgnurin. Dette etter forslag frå meg. Han kan spøke med at eg er hans helse-coach og hjelper han å ta tak i ting. Det er jo pga. meg at han i fyrste omgang gjekk til legen og sjekka stoffskiftet. Når hans faste lege (ein han har brukt gjennom jobben) ikkje var med på at han kunne ha mildt nedsett stoffskifte, bytta han fastlege til ein vi visste var kjent med hypotyreose. Denne legen var einig i at sambuaren min kunne ha symptomar pga tsh nærare 3 og låg ft4. Han sette i gang prøvebehandling med Levaxin som dersom det hjelpte skulle bli fast medikasjon (slik eg forstod det).
Men også denne legen avviste moglegheita av at han kunne ha slitne binyrer. Og med meg som helse-coach blir altså dette sjekka ut nå
Lykke til! Eg håper du kan få hjelp til å finne ut kvar skoen trykker.
Eg synest du har litt høg tsh og låg ft4, men eg er langt i frå nokon ekspert på dette her. Stå på, bytt lege om den du har nå ikkje tek deg på alvor. Ein verkeleg god lege bør søkje grundig etter årsaka for det nedsette stoffskifte, ikkje berre skrive ut Levaxin. (Dessverre ser det ut til at det ikkje er så mange slike legar.) På same måte meiner eg at legen kort bør undersøkje bakgrunnen for mistanken om psykiske plagar og henvise vidare slik at vedkommande pasient kan få riktig hjelp. Ellers burde jo ein lege veta at det fint går an å ha både f.eks. hypotyreose og f.eks. PTSD.
mvh DelisaSist endret av Delisa; 23-04-10 kl 21:58 Begrunnelse: 2 x leif
-
17-12-09, 19:37 #7
Er prøvene heilt normale?
Under har eg skrivi inn prøvesvara til sambuaren min. Han er 39 år, gjekk til legen for å sjekke stoffskifte m.m da han i lengre tid (i alle fall siste 2 åra har kjent seg slapp).
I haust har han klaga over å vera kald på hendene og "i kroppen", blant oppvakningar på natta, vanskar med å sovne, lite overskot, orkar ikkje det same som tidlegare. Dessutan hjartebank innimellom, seier det ikkje er like mykje "futt" i han som før.
Siste åra har han utvikla allergi mot stadig fleire av pollengreiene. Samt mild astma. Mageproblem (luft og syre) i mange år. La om kosthaldet i vår (blant anna utan gluten og mjølk) og har nå lite allergiplagar, astmaen plagar han nesten ikkje. Ikkje lenger tendens til migrene.
Han er slank og velbygd. Har alltid trent masse. Var i 15 år i toppen i ein svært fysisk krevjande idrettsform. Er sterk enda, særleg med tanke på at han nærmar seg 40 år
Legen meiner alle resultata er normale. Sambuaren min hadde nesten håpa prøvene ville indikere lågt stoffskifte da han veit at medisin kan hjelpe. Han har jo sett meg i åra som har gått
S-Ferritin 167 (20-300)
S-Jern 12,2 (9,0-34,0)
S-Jernbindingskap 54 (49-83)
S-Jernmetning 23 % (15-57)
fS-Glukose 3,9* (4,0-6,0)
S-Vitamin D3 114 (50-150)
S-TSH 2,8 (0,2-4,0)
S-Fritt T4 14,4 (11,0-23,0)
S-Fritt t3 4,5 (3,5-6,5)
S-Anti-TPO <25 <60
Så ingen autoimmun tyroiditt. Bra er vel det! Men er det slik at tsh på 2,8 kan gje symptomar? Vi veit jo ikkje kva verdien var før. Og Ft4 er litt låg. Eg hadde daua på meg med slike resultat, men så er jo eg substituert med Levaxin.
D-vitamin var så vidt innanfor ref.området i juni. Han har brukt 1000 I.E. dagleg sidan, og nå er verdien fin
Vi trur dette har hjelpt på større motstandskraft mot forkjølelse etc. Så verdt å sjekke for alle!!!
Det vi (spes. eg da
) reagerer på, er at legen avfeier det som normalt utan å ta intitativ til å undersøke vidare. Pasienten klager over slappheit, prøvene er normale, bør ikkje legen da i det minste spørja korleis han har det. Ideelt sett burde legen, etter mitt syn, forsøke å finne ut kva problemet er. Fyrste steg burde vera ei samtale.
Sukk!
Om nokon har noko som helst å kommentere på prøver eller mine tankar kring det, hadde eg sett stor pris på det. Snille, flinke og tapre folket her på forumet.Sist endret av Delisa; 17-12-09 kl 19:40 Begrunnelse: skrivefeil
-
17-12-09, 22:33 #8
Sv: Er prøvene heilt normale?
Ikke godt å si noe på dette, men en kan vel si at det ikke er noen tydlige utslag på det prøvene som er tatt.
Stoffskiftet kan være litt lavt, men det skyldes jo ikke tyreoiditt som du jo ser selv.
Produksjonen av stoffskiftehormoner er jo avhengig av flere faktorer, men det er jo vanskelig å spå her....
Klart at gubben merker noe uvanlig, og da bør han jo fortsette feilsøkingen.
Det er mange prøver igjen......• Hansen - tidligere n'Finn og Finn Lang (på Facebook) forlot forumet i 2010 på grunn av et kontrovers om jod.
-
19-12-09, 01:35 #9
Sv: Er prøvene heilt normale?
Hei på deg n`Finn!
Skal til legen den 23, da skal jeg be om å få utskrift av alle prøvesvarene mine.
Litt ekstra mas for å være sikker,
hvem prøver bør jeg forsikre meg om at han tar;Fra høyt til lavt. For mye av det gode er vidunderlig, for lite av det da treffes vi her
-
19-12-09, 09:46 #10
Sv: Er prøvene heilt normale?
Har funnet fram en liten liste til dere av blodprøver som påvirkes når en går med lavt stoffskifte. (kan hende er det flere som burde vært med)
Utslag i på noen prøver kan være med å peke på at stoffskiftet er lavt, men vil ikke si noe om selve årsaken.
Hypothyreose vil øke verdiene av disse :
S-Karotener
S-Kolesterol
S-Triglyserider
S-CK
S-LD
S-CEA
S-ASAT
S-Prolaktin
Homocystein øker, men mye kan forårsake det, feks lav folat.
Reduserte verdier av :
S-Alkalisk fosfatase
S-SHBG
Blodprosenten kan reduseres, samme gjør jo kroppstemperaturen målt med det samme men våkner.• Hansen - tidligere n'Finn og Finn Lang (på Facebook) forlot forumet i 2010 på grunn av et kontrovers om jod.
Lignende tråder
-
Hypothyreose. Oversikt over hva som kan være lurt å sjekke!
Av Anisa i forumet BlodprøverSvar: 2Siste melding: 08-03-10, 10:29 -
blodprøver
Av Kari i forumet BlodprøverSvar: 9Siste melding: 10-07-05, 18:49 -
Blodprøver
Av Juva i forumet BlodprøverSvar: 4Siste melding: 20-06-05, 12:30


Svar med sitat
Bokmerker