Viser søkeresultater 1 til 10 av 14
Tråd: Studine
Hybrid View
-
22-04-06, 14:55 #1
Studine
Hei igjen. Hmm, dumt at alle tidligare innlegg er borte vekk, håpar det blir ordning på det ut i veka. Ville skrive ein liten oppdatering, sidan eg har fått nye prøvesvar no.
Startar med starten: Prøvar tekne 25.11.05 gav desse resultata
FT4 12.8 (7,6 - 19,7)
TSH 6,07 (0,30 - 3,60)
Thyrogl.antist. 64 (<50)
Tek berre med dei relevante resultata her. Fekk ei skikkelig lang liste.
Har forresten eit prolaktinom (prolaktinproduserande adenom -> hyperprolaktinemi), men trur ikkje det er relevant her.
Begynte med 25 mikrog Levaxin 21.12.05, auka til 50 etter 4 veker.
Nye prøvar tekne 21.03.06:
FT4 22,4 (10,3 - 24,5)
TSH 0,18 (0,40 - 4,00)
Thyrogl.antist. 66 (<50)
Tilbakemeldinga frå legen (endokrinolog) var at no var jo stoffskiftet blitt litt høgt, men at eg skal fortsetje med same dose sidan Levaxin-behovet 'har en tendens til å øke etterhvert'.
Har hatt ein ganske tøff haust/vinter, med null energi og søvnproblemer (innsovningsvansker, forseinka søvnfase). Men i midten av mars, rett før dei siste prøvane vart tekne, kjende eg at formen var bedre. No har eg nett kome heim frå påske-jobb (fysisk krevande + lange dagar), og formen er framdeles bra!
Jah, dette var no meg. Dette er forresten eit glimrande godt forum! Takk til alle som deler av sin dyrekjøpte erfaring.
Studine - ferdig skolert


Svar med sitat
Bokmerker