Viser søkeresultater 1 til 10 av 24
Hybrid View
-
04-07-07, 23:01 #1
Ønskjer hjelp til å vurdere justering av dosen.
Hei!
Eg har ein god lege som både viser stor forståing og evne til å høyre på korleis eg har det (symptom versus Tsh-verdien som legen i starten såg seg litt blind på..). Eg får nå prøvesvara frå Fürst i posten og målet er at eg skal lære meg å dosere like godt som ein "flink" diabetespasient. Vel, det er nå eg ønskjer innspel. Eg har tidlegare hatt problem med at sjølv mindre endringar har gjort meg lettare overdosert overdosert, med påfølgjande kræsj og lengre tid med lågt stoffskifte og dårleg fungering... Dette har ikkje skjedd sidan juletider 2006. Men det heile verkar meir stabilt nå, legen meiner kjertelen omtrent har brent ut alt kruttet sitt (hadde antistoff i minst 5 år før eg fekk lågt stoffskifte hausten 2005).
Vel her er mine siste prøvesvar....
Frå jaunuar til mai:
TSH 1,6 / 1,9 / 1,8 og 2,1.
FT4 var 13,2 /13,9 / 14,0 og 13,4
27.04
TSH 1,8 0,20-4,0
FT4 12,7 9,0-22,0
FT3 3,4 2,3-5,7
25.05
TSH 1,5 0,20-4,0
FT4 13,2 9,0-22,0
FT3 3,4 2,3-5,7
Frå og med kring 25.05 brukte eg 100 dei fleste dagane i veka
07.06
TSH 0,8 0,20-4,0
FT4 16,0 9,0-22,0
FT3 3,8 2,3-5,7
Framleis 100 kvar dag....
25.06
TSH 1,2 0,20-4,0
FT4 14,4 9,0-22,0
FT3 3,7 2,3-5,7
Eg kjente meg i best form i den perioden da TSH en var 0,8. Er nå litt uroleg fordi verdiane ser ut til å bli verre sjølv om eg i lang tid har teke 100 dagleg. Kva skjer? Er det skjoldbrukskjertelen som kræsjer meir og meir??
Eg har nå sidan 25.06 auka med 50 pr veke, det vil seie to dagar med 25 og 5 dagar med 100. Er dette ei Ok doseauke??
Eg vil så gjerne ha ein sommar i topp form
P.S. Kanskje synest nokre av dykk at eg klagar og uroar meg utan grunn. Prøvesvara mine er jo fine, dei
Men saka er den at eg er så vÃ~r, dersom TSH nærmar seg 2,0 er eg for lengst i dårleg form...
Håpar på innspel
Takk til alle dykk her inne for eit flott forum som eg ofte leser litt i (sjølv om eg ikkje sjølv har vore så aktiv..)
Lignende tråder
-
Er det virkelig slik?
Av Sofiemor i forumet Sosiale konsekvensene av stoffskiftesykdomSvar: 7Siste melding: 06-08-09, 18:02 -
Forvirret over Hashimotos info
Av Xaka i forumet Hashimoto's thyroiditt (anti-TPO)Svar: 14Siste melding: 10-04-09, 13:52 -
Mensen og slik....
Av cathrin i forumet Andre hormonerSvar: 28Siste melding: 21-11-06, 18:39 -
Hvor mye skal prøvene ligge på for at stoffskifte er ok??
Av linnmathea i forumet BlodprøverSvar: 18Siste melding: 24-05-06, 18:53


Svar med sitat

Bokmerker