Hei Eg er ny her og syns det er ei flott side. Mykje nyttigt å lese. Eg har hatt lågt stoffskifte frå 1993 og i nov. 04 byrja eg på Armour etter 11 år med dårleg form . endeleg ein lege som ville gje meg Armour Frå januar kom formen attende og eg var i kjempeform fram til juni. Eg kunne trimme fleire ganger i veka og eg jobba 100% jobb utan å ligge på sofaen då eg kom heim :P Men i juni var det jamt slutt og no sit eg her sjukmeld. Eg er igjen slapp, svimmel, og i elendig form. Å gå ein tur hadde eg ikkje klart. Er nok å gå opp ei trapp eller berre å dusja og kle på meg er nok. KVA SKAL EIN STAKKAR GJERE Eg har ikkje forandra dosane frå eg byrja med Armour. Går på 120 mg pr.dag. Er det andre som går på Armour som har opplevd dette. Eg trudde faktisk at Armour var løysinga for meg, men men......

Ein anna ting og: kor mange er me her i Noreg som ikkje blir betre med medesin? Nokon som veit? er det blitt undersøkt. Føler at foreininga vår ikkje bryr seg så om å skrive om Armour. Har enno til gode å lese om dette i bladet THYRA.