Såg i tråden "Pekka protesterer......." Den er no lukka, difor lagar eg ein ny.

Eg er tildels einig med Pekka.
Og gå ut med navn på enkeltpersonar og kritisere dei uten at dei kan forsvare seg meiner eg bør unngåast.

Det er vel ikkje legane som ikkje strekk til, men utdanninga deira.

Vi kjem ingen veg med å henge ut enkeltpersonar her inne. Vi bør heller konsentrere oss om infomere kvarandre med opplysningar som kan hjelpe kvar enkelt til å finne ut av ting sjølv. Og vi bør opplyse legane våre om det vi har funne ut og kva positiv innverknad det har hatt.

Eg synes det er frustrerande at ein ikkje får meir hjelp av legar enn det som er tilfellet. Men som sagt, dei har ei utdanning og dei må følge det dei har lært.
Det hadde jo vært litt skummelt om legar brukte pasientar til forsøkskaninar for ting dei trudde kansje.....fordi dei hadde lest eit eller anna ein eller anna plass........ Dei hadde i alle fall lege tynt ann om det viste seg i ettertid å vere feil.

Vi må nok berre tolerere at legestanden ikkje er komt lenger her til lands.
Så må vi prøve å få vår kunnskap ut til dei som kan gjere noke med det i ettertid.

Og til dei som synes det er greit og forbanne folk oppetter og nedetter fordi dei meinar noke anna enn dei sjølv: Fy skam!

Og til dokke som har veldig negativ erfaring med legen; det finst ein instans å klage til...........fylkeslegen trur eg.........

På ei anna side; det er jo litt kjedeligt å bestille time hos ein lege og så ikkje få den hjelp ein treng, berre blitt noken 1000-lappar fattigare, når ein kunne blitt advart mot nettopp det..........

Møte meg sjølv i døra.......... det går jo ann å skrive at ein ikkje fekk hjelp utover det ein får hos andre legar.........for det er jo det det dreiar seg om.....vi leitar etter legar som går ut over det som er vanleg...........og da blir det litt dumt og kritisere dei som ikkje gjer det....... dei gjer det dei har lært......
Nei, no gjer eg meg......... vart ikkje heilt einig med meg sjølv.........