Eg har hatt lågt stoffskifte frå 1993. Nov. 04 Armour etter 11 år med dårleg form
Hei :) Eg er ny her og syns det er ei flott side. Mykje nyttigt å lese. Eg har hatt lågt stoffskifte frå 1993 og i nov. 04 byrja eg på Armour etter 11 år med dårleg form :cry: . endeleg ein lege som ville gje meg Armour :D Frå januar kom formen attende og eg var i kjempeform fram til juni. Eg kunne trimme fleire ganger i veka og eg jobba 100% jobb utan å ligge på sofaen då eg kom heim :P Men i juni var det jamt slutt og no sit eg her sjukmeld. Eg er igjen slapp, svimmel, og i elendig form. Å gå ein tur hadde eg ikkje klart. Er nok å gå opp ei trapp eller berre å dusja og kle på meg er nok. :cry: KVA SKAL EIN STAKKAR GJERE :? Eg har ikkje forandra dosane frå eg byrja med Armour. Går på 120 mg pr.dag. Er det andre som går på Armour som har opplevd dette. Eg trudde faktisk at Armour var løysinga for meg, men men......
Ein anna ting og: kor mange er me her i Noreg som ikkje blir betre med medesin? Nokon som veit? er det blitt undersøkt. Føler at foreininga vår ikkje bryr seg så om å skrive om Armour. Har enno til gode å lese om dette i bladet THYRA.
Hypothyreose og depresjon
Hei!
Eit lite hjartesukk; har nettopp vore hjå lege som sjukmelde meg i to nye veker. Grunn:? depresjon og hjartebank :( Greitt nok det. Er nok deprimert som eg sa til han og, men den egentlege grunnen trur eg kjem frå stoffskiftet. Men nei, prøvane mine er innanfor normalområdet ( som dei alltid er) så stoffskiftet kunne det ikkje vere :? Stoffskiftet kunne forsterke depresjon men den kom ikkje av det sa han. Eg er av natur ein optimist som alltid trur at når eg er bra så kjem eg til å vere bra alltid, derfor blir fallhøgden større og større for kvar gong eg blir dårleg. Fekk igjen tilbod om antidepressiva men eg har aldri brukt det og er svært imot å bruke det. Eg meinar at dersom eg får orden på stoffskiftet så forsvinn depresjonen og. Kva meinar de? Er det fleire som brukar antidepressiva og korleis virkar dette saman med stoffskiftet? Eg takka ja til å prøve det i 4 veker noko som måtte til for at det skulle virke. Eg er så inderleg lei av å gå dårleg og å vere å dårleg humør. Det einaste eg ynskjer er å få kome meg på jobb igjen og fungere normalt :cry:
Og kanskje og ein solskinnsdag :)