Hypothyreose og depresjon
Hei!
Eit lite hjartesukk; har nettopp vore hjå lege som sjukmelde meg i to nye veker. Grunn:? depresjon og hjartebank :( Greitt nok det. Er nok deprimert som eg sa til han og, men den egentlege grunnen trur eg kjem frå stoffskiftet. Men nei, prøvane mine er innanfor normalområdet ( som dei alltid er) så stoffskiftet kunne det ikkje vere :? Stoffskiftet kunne forsterke depresjon men den kom ikkje av det sa han. Eg er av natur ein optimist som alltid trur at når eg er bra så kjem eg til å vere bra alltid, derfor blir fallhøgden større og større for kvar gong eg blir dårleg. Fekk igjen tilbod om antidepressiva men eg har aldri brukt det og er svært imot å bruke det. Eg meinar at dersom eg får orden på stoffskiftet så forsvinn depresjonen og. Kva meinar de? Er det fleire som brukar antidepressiva og korleis virkar dette saman med stoffskiftet? Eg takka ja til å prøve det i 4 veker noko som måtte til for at det skulle virke. Eg er så inderleg lei av å gå dårleg og å vere å dårleg humør. Det einaste eg ynskjer er å få kome meg på jobb igjen og fungere normalt :cry:
Og kanskje og ein solskinnsdag :)