Sambuaren min. Blodprøver for å sjekke tyroideafunksjon ??
Sambuaren min har dei siste par åra følt at han har fått merkbart mindre energi. Han er 39 år, og det må nemnes at han tidlegare var ein real energibunt med stor arbeidskapasitet og super fysikk. Fysikken er framleis svært bra, men livet er nå meir pes og jobb og mindre trening og moro (slik det gjerne blir for dei fleste av oss når tidsklemme mm snører seg saman). Så det er vanskeleg å seie kva som er kva.
Han har to gonger målt tsh.
Februar 2008 tsh 2,8 (0,2-4,0)
Juni 2009 tsh 2,2 (0,2-4,0)
Relevante sjukdomar: mild astma og "alle" pollenallargiane.
Faren har diabetes type 1, mor ein form for revmatisme. Altså har båe foreldra autoimmune sjukdommar, eller? Viss så, er det relevant i den forstand at det aukar sjansane for at han skulle få autoimmun tyroiditt??
Han har nå (etter eit par år med snakk om mindre energi) bestemt seg for å få sjekka stoffskiftet.
Kva for prøver skal eg tipse han om. Han har privat lege, så reknar med at han får det han ber om innan rimeligheitas grenser.
tsh
ft4
ft3
anti-tpo
ferritin
S-25-OH D3
Noko meir nå i fyrste omgang??
Håpar nokon har tid og ork :) til å svare. Eg er så glad for at han skal sjekke dette.
Sv: Blodprøver for å sjekke tyroideafunksjon ??
Hei Delisa:)
Blodprøvene du nevner skal i første omgang holde for å påvise evt. sykdom i skjoldbruskkjertelen.
Sv: Blodprøver for å sjekke tyroideafunksjon ??
Takk for svar :) Eg gjekk ut i frå at dette var nok, ja. Veit frå før at B12 er bra hos han.
Han gjekk til legen i dag :) Fekk sjekka alt, bortsett frå kortisol da legen meinte han da måtte ta blodprøve fleire gonger i døgnet. Salvia var jo poenget her, da. Men han får sjekke dette seinare, særleg dersom han får utslag på stoffskiftegreiene.
Legen var einig i at fleire av symptoma kunne stemme med lågt stoffskifte og synetest det var fint med ein sjekk.
Er prøvene heilt normale?
Under har eg skrivi inn prøvesvara til sambuaren min. Han er 39 år, gjekk til legen for å sjekke stoffskifte m.m da han i lengre tid (i alle fall siste 2 åra har kjent seg slapp).
I haust har han klaga over å vera kald på hendene og "i kroppen", blant oppvakningar på natta, vanskar med å sovne, lite overskot, orkar ikkje det same som tidlegare. Dessutan hjartebank innimellom, seier det ikkje er like mykje "futt" i han som før.
Siste åra har han utvikla allergi mot stadig fleire av pollengreiene. Samt mild astma. Mageproblem (luft og syre) i mange år. La om kosthaldet i vår (blant anna utan gluten og mjølk) og har nå lite allergiplagar, astmaen plagar han nesten ikkje. Ikkje lenger tendens til migrene.
Han er slank og velbygd. Har alltid trent masse. Var i 15 år i toppen i ein svært fysisk krevjande idrettsform. Er sterk enda, særleg med tanke på at han nærmar seg 40 år :D
Legen meiner alle resultata er normale. Sambuaren min hadde nesten håpa prøvene ville indikere lågt stoffskifte da han veit at medisin kan hjelpe. Han har jo sett meg i åra som har gått :D
S-Ferritin 167 (20-300)
S-Jern 12,2 (9,0-34,0)
S-Jernbindingskap 54 (49-83)
S-Jernmetning 23 % (15-57)
fS-Glukose 3,9* (4,0-6,0)
S-Vitamin D3 114 (50-150)
S-TSH 2,8 (0,2-4,0)
S-Fritt T4 14,4 (11,0-23,0)
S-Fritt t3 4,5 (3,5-6,5)
S-Anti-TPO <25 <60
Så ingen autoimmun tyroiditt. Bra er vel det! Men er det slik at tsh på 2,8 kan gje symptomar? Vi veit jo ikkje kva verdien var før. Og Ft4 er litt låg. Eg hadde daua på meg med slike resultat, men så er jo eg substituert med Levaxin.
D-vitamin var så vidt innanfor ref.området i juni. Han har brukt 1000 I.E. dagleg sidan, og nå er verdien fin :) Vi trur dette har hjelpt på større motstandskraft mot forkjølelse etc. Så verdt å sjekke for alle!!!
Det vi (spes. eg da :)) reagerer på, er at legen avfeier det som normalt utan å ta intitativ til å undersøke vidare. Pasienten klager over slappheit, prøvene er normale, bør ikkje legen da i det minste spørja korleis han har det. Ideelt sett burde legen, etter mitt syn, forsøke å finne ut kva problemet er. Fyrste steg burde vera ei samtale.
Sukk!
Om nokon har noko som helst å kommentere på prøver eller mine tankar kring det, hadde eg sett stor pris på det. Snille, flinke og tapre folket her på forumet.
Sv: Er prøvene heilt normale?
Ikke godt å si noe på dette, men en kan vel si at det ikke er noen tydlige utslag på det prøvene som er tatt.
Stoffskiftet kan være litt lavt, men det skyldes jo ikke tyreoiditt som du jo ser selv.
Produksjonen av stoffskiftehormoner er jo avhengig av flere faktorer, men det er jo vanskelig å spå her....
Klart at gubben merker noe uvanlig, og da bør han jo fortsette feilsøkingen.
Det er mange prøver igjen......
Sv: Er prøvene heilt normale?
Hei på deg n`Finn!
Skal til legen den 23, da skal jeg be om å få utskrift av alle prøvesvarene mine.
Litt ekstra mas for å være sikker,
hvem prøver bør jeg forsikre meg om at han tar;
Sv: Er prøvene heilt normale?
Har funnet fram en liten liste til dere av blodprøver som påvirkes når en går med lavt stoffskifte. (kan hende er det flere som burde vært med)
Utslag i på noen prøver kan være med å peke på at stoffskiftet er lavt, men vil ikke si noe om selve årsaken.
Hypothyreose vil øke verdiene av disse :
S-Karotener
S-Kolesterol
S-Triglyserider
S-CK
S-LD
S-CEA
S-ASAT
S-Prolaktin
Homocystein øker, men mye kan forårsake det, feks lav folat.
Reduserte verdier av :
S-Alkalisk fosfatase
S-SHBG
Blodprosenten kan reduseres, samme gjør jo kroppstemperaturen målt med det samme men våkner.
Sv: Er prøvene heilt normale?
Kanskje kolesterol bør være med her, n´Finn?
Sv: Er prøvene heilt normale?
Fint med innspel. Kanskje kan det koma andre til nytte også.
Ja, eg kjenner til at kolesterol kan bli høg, og B12 kan bli låg.
Desse to veit eg er fine hos min kjære.
Nå har han bytta lege! Fordi han føler seg jamnt dårlegare samanlikna ned tidlegare. Han planlegg å få sjekka opp helsa skikkeleg nå, dette er nye takter for ein som ikkje har trakka ned dørene hos legane :) Så det han kjenner er sikkert reelt. Han har tom. lese ein lang artikkel om binyretrøyttheit. Mykje der stemmer på han.
Sv: Er prøvene heilt normale?
Sitat:
Opprinnelig skrevet av
Delisa
Han har tom. lese ein lang artikkel om binyretrøyttheit. Mykje der stemmer på han.
Få ham til at købe testkit: Adrenocortex Stress Profile direkte hos Genova Diagnostics. Det er der Scandlab (og BMLab?) sender videresender alligevel prøverne til analyse.
Hvis man vil bruge det norske BMLab skal man forinden skændes med sin læge om at bekræfte rekvisitionen, selv om man selv betaler. Scandlab foretrækker at norske patienter bruger BMLab af konkurrencehensyn, så for at slippe for tovtrækkeriet og for at spare tid, kan man købe testen direkte hos Genova. Man modtager en udførlig og forklarende beskrivelse af analyseresultater og det kan man så stille op med hos en læge. Tiden er sparet og tovtrækkeriet med. Beskrivelsen af testen findes her
Rigtig meget lykke til hjerte1